Haugtussa

Vi er svært stolte og glade for å kunne opne Diktardagar 2015 med Ane Dahl Torp og trompetist Sjur Miljeteig si tolking av Arne Garborgs Haugtussa. Haugtussa frå 1895 er eit lyrisk, nyromantisk hovudverk i norsk litteratur.

Les mer

Seminar

Lyrikk og musikk står sentralt under årets Diktardagar. Diktet blir vise – frå tekst til tone er overordna tema for litteraturseminaret. Lyrikar Anna Kleiva frå Vinstra og felespelar Mari Skeie Ljones frå Lillehammer, opnar seminaret med eit musikalsk og lyrisk møte mellom diktar og musikar. Ola E. Bø, dramaturg og språkrettleiar ved Det Norske Teatret,…

Les mer

Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven. Foto: Astrid Borchgrevink Lund

Ruth Lillegraven blir ein sentral aktør under årets Diktardagar og som den einaste, skal ho opptre i alle tre bygdene. Ruth er forfattar frå Granvin i Hardanger og bur nå i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. For diktsamlinga Urd fekk ho Brageprisen i 2013. Ho skriv òg for barn, og i…

Les mer

Dagfinn Nordbø og Det Norske Poesi & Satireorkester

Dagfinn Nordbø og Det Norske Poesi & Satireorkester er noko så sjeldan som eit jazz- og humororkester med norske tekstar og originalmusikk. Satirikaren Dagfinn Nordbø som står for opplesing og song, har med seg musikarane Vigleik Storaas på piano og Gaute Storaas på kontrabass. Dagfinn har over 20 år med fartstid frå den norske humorscenen…

Les mer

Tor Jonsson-foredrag

Laurdag held Inge Eidsvåg årets Tor Jonsson-foredrag ved Tor Jonsson-stugu. Tittelen på foredraget er Tor Jonsson og Alf Prøysen – den vanskelege samanlikninga. Inge Eidsvåg er forfattar og foredragshaldar, mangeårig lektor og seinare rektor ved Nansenskulen på Lillehammer. Han er kjend for sitt arbeid for demokrati, menneskerettar og fredeleg konfliktløysing på Balkan. Tor Jonsson-foredraget har…

Les mer

Festkveld

Det ligg an til ein framifrå festkveld i Utgard laurdag. Våre utmerka musikarar i Rimrose, Aslak Opsahl Brimi, Hildegunn Hovde, Ole Jonny Bekkemellem og Geir Thorud, opnar kvelden med tonesette dikt av lokale lyrikarar.  Vi er også så heldige å ha direktøren i Fritt ord, Knut Olav Åmås, med oss. Han skal halde festtala denne kvelden. Vidare blir…

Les mer

Bokbad

I år som i fjor har vi med to lokale forfattarar på bokbadet. Anna Kleiva frå Vinstra debuterte i 2011 med diktsamlinga Ti liknande versjonar. I fjor kom den kritiarroste Vårar seinare, omtala som ein «elegi for unge mennesker som dør i bilulykker». For denne boka fekk ho Natt & Dags Oslopris Årets bok 2014.…

Les mer

Seterkonsert på Billingen

Sundag blir det vandring på Diktarstigen på Billingen i Skjåk med kaffi, biteti og seterkonsert med Sol i skuggeskog etterpå. Bandet Sol i skuggeskog såg dagens ljos i Oppdal i 2010 og består av musikarane Ingrid Lian-Bjørgum, Øyvind Sandum og Einar Lian-Bjørgum. Bandnamnet og tekstane er henta frå ei diktsamling av Skjåk-diktaren Finn Sandum. Bandet…

Les mer

Urd

Sundag kveld avrundar vi Diktardagar på beste vis med Ruth Lillegraven og Urd. Ruth skreiv boka Urd i 2013. Dette er forteljinga om Seselja og Cecilie, to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Boka fortel også historia om det vesle huset på garden i vest som knyter dei to skjebnane saman, om…

Les mer