Bokbad

Bokbad

F.v. Anna Kleiva, Ingar Sletten Kolloen, Ruth Lillegraven.

I år som i fjor har vi med to lokale forfattarar på bokbadet. Anna Kleiva frå Vinstra debuterte i 2011 med diktsamlinga Ti liknande versjonar. I fjor kom den kritiarroste Vårar seinare, omtala som ein «elegi for unge mennesker som dør i bilulykker». For denne boka fekk ho Natt & Dags Oslopris Årets bok 2014. Ho kjem til Diktardagar rett frå Bjørnsonfestivalen i Molde der ho har fått årets Bjørnsonstipend.

Vi har også med ein annan Frons-forfattar på bokbadet. Ingar Sletten Kolloen frå Kvam kjem med ny roman i haust, Den tomme plassen i vitrineskapet. Sletten Kolloen har tidlegare skrive biografiar om to av forfattarar våre, Tor Jonsson og Knut Hamsun, i tillegg til fleire biografiar, drama og ein roman. På bokbadet vil han gje oss smakebitar frå den nye romanen som kjem ut seinare i haust.

Ruth Lillegraven kom i fjor ut med boka Manilahallen. Manilahallen er boka om Birgit. Som 33-åring blir ho innlagd på Modum bad, med ei kroppsvekt på berre 38 kilo. Birgit, fødd i 1946, gledesbarnet, gutejenta, ho som elskar dyr og skog, bøker og musikk. Korleis blei livet hennar slik? Dette er biografien om Birgit skrive på dikt som Ruth formidlar på ein framifrå måte.

Som vanleg stiller vår trufaste og dyktige bademeister Magnhild Bruheim opp og vil leie samtala med forfattarane. Velkomne til bokbad på Fossberg laurdag kl. 20.30!