Sponsorer

Takk òg til

Fjell-Noreg/Bergtatt. Konsert med Aslak Brimi, Mari Midtli og Strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet

Sundag 1. september er det all grunn til å ta turen til Sognefjellshytta for å få med seg ein konsert som er spesiallaga for Diktardagar. Her vil Mari Midtli synge, Aslak Brimi vil spele fele og synge, og vi vil også få oppleve ein strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet beståande av Sander Tingstad (1.fele), Bjørn Kåre Odde (2.fele), Elin Marie Christensen (bratsj), Ida Malene Christensen (cello) og Jon Åsnes (bass).

Vinteren 2019 kom Mari Midtli og Aslak Brimi med prosjektet og albumet «Bergtatt» i lag med kammerorkesteret Sinfonietta Innlandet. I skjæringa mellom klassisk og folkemusikken bergtok dei publikumet sitt, og nå kjem dei til Diktardagar for å spele for oss. Dei har spesiallaga ein konsert for Diktardagar der diktinga til Olav Aukrust står sentralt. Konserten «Fjell-Noreg» – inne i den nye arkitektoniske perla på Sognefjellshytta – vil bli ei stor og spennande musikalsk oppleving.
Diktardagar har tinga eit nytt musikkverk frå dei lokale komponistane Aslak Brimi og Bjørn Kåre Odde. Det nye verket har fått tittelen «Skaldespor», og er skrive for songsolist, fele og strykekvintett. Verket vert urframført på denne konserten under Diktardagar.

Festtale om fjellengt, synssansen, barne-TV-karakteren Tullerud og om Hjerkinn

Årets festtalar under Festkveld i Utgard er Guri Sørumgård Botheim som opphaveleg er frå Lesja. Festtala vil handle om fjellengt, om synssansen til villreinen og mennesket, litt om å forelske seg i barne-TV-karakteren Tullerud og ganske mykje om Hjerkinn. Guri er utdanna cand.philol. og har hovudfag i litteraturvitskap frå NTNU. Ho har arbeidd i bokhandel, som kulturkonsulent og timelærar, og er avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Noreg i Trondheim. Saman med systera, Sigrid Sørumgård Botheim, debuterte ho i 2009 med den særeigne romanen Ramstein pensionat. Romanen er sett saman av mange ulike typar tekstar, er full av humor, alvor og satire om byen, bygda og karakterane i romanen. Viktige tema er syskenkjærleik, einsemd og livet i bygde-Noreg. (Foto: Benedikte Skarvik)

Fjellyrisk handbok

Vi er stolte av å kunne lansere diktsamlinga «Til fjells» under Diktardagar. Diktsamlinga er laga med tanke på at det skal vere mogleg å ta ho med seg på fjelltur, såleis har det vorte til ei fjellyrisk handbok. Det er Hanne Gran ved Skjåk folkebibliotek og Rita Mundal ved Lom folkebibliotek som har vore redaktørar, medan biblioteka i Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk alle har vore med i innsamlinga av dikta til boka. Felles for alle dikta er at dei handlar om fjell. Dei fleste av dei omtrent 60 dikta er skrivne av lokale forfattarar gjennom 250 år, heilt frå Edvard Storm som var fødd i 1749 til Anna Kleiva som var fødd i 1985. Diktinga har stått sterkt i Nord-Gudbrandsdalen gjennom alle desse åra, og fjella og naturen vår har vore ei viktig kjelde til inspirasjon for forfattarane. (Foto: Hans Erik Kjosbakken/Fjuken)

Fjeldeventyret og det norske sjølvbiletet

Henrik Anker Bjerregaard var sorenskrivarson frå Vågå, det var han som skreiv syngespelet Fjeldeventyret i 1824, Waldemar Thrane sette musikk til. ”Bjerregaards Skaal!” kombinerer musikken frå dette stykket med kåseri om kva det vil seie å vere norsk. Det er Mette Vårdal som har skrive tekstane, og det er også ho som framfører dei. Camilla Granlien syng og spelar kontrabass, Halvor Kjerkreit spelar baryton og bratsj, og Vegar Vårdal spelar fiolin, hardingfele og tenorbratsj. Erik Schøyen har regien.

Premieren på stykket kan du få med deg på nyopna Andre Etasje i Vågå vil ”Bjerregaards Skaal!” sundag under Diktardagar. Her er det også mogleg å bestille ein betre middag før premieren.

Brit Bildøen til årets seminar

Brit Bildøen vil delta under årets seminar på Aukrust, tittelen på innlegget hennar vil vere «Å kjempe mot vindmøller. Frå Don Quijote til Jon Utskott.» Elles vil Cato Schiøtz, Eirik Vassenden og Jan Inge Sørbø delta som innleiarar, medan Even Lusæter og Natasja Rybak saman med Josefinekoret står for dei musikalske og poetiske innslaga.

Lokale aktørar

Under Diktardagar i år vil ei rekke dyktige lokale aktørar bidra på ulike måtar. Aslak Brimi og Mari Midtli som held konsert på Sognefjellshytta. Endre Skjåk og Jotunheimen underholdning har premiere på ei heilt ny framsyning i Utgard. Mette Vårdal, Vegar Vårdal, Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit stiller også med ei heilt ny framsyning som blir synt på Andre etasje. Hildegunn Hovde saman med Damer i D-dur bidreg under opninga på Norsk Fjellsenter. Dette er berre nokre av alle dei lokale dyktige aktørane du kan sjå og høyre under årets Diktardagar.

Stein Torleif Bjella kjem til Diktardagar

Årets «pubmusikar» under Diktardagar er ingen ringare enn Stein Torleif Bjella. Fredag kveld vil han halde intimkonsert på Brimibue, konserten har fått tittelen «To fjellovergangar lenger bort» sidan Bjella som kjem frå Ål i Hallingdal bevegar seg over to fjellovergangar for å kome til Lom. Billettane blir lagt ut den 1. juli, og vi har ein mistanke om at dei kan forsvinne rimeleg fort. Stein Torleif Bjella er ein av dei mest populære innanfor norsk musikk for tida, han dreg fulle hus over heile landet og står på scenene til fleire av dei største norske musikkfestivalane.

Bildøen, Nilssen og Løvåsen kjem til Diktardagar

Under Diktardagar vil både Brit Bildøen, Olaug Nilssen og Sigmund Løvåsen delta med opplesingar på biblioteka i Vågå, Lom og Skjåk, samt under bokbadet laurdag kveld. Det er tre sterke og aktuelle stemmer i norsk litteratur som møtast under Diktardagar.

Program sundag 1. september

10.00-15.45 Til fjells – Sognefjellet. 

Sognefjellet – ei inspirasjonskjelde for mange diktarar og kunstnarar. 

Avreise med buss frå P-plassen ved Lom stavkyrkja. Vi følgjer fara til Holberg, Asbjørnsen, Ibsen, Grieg, Gude og mange andre til Herva. Stopp ved steinbua, der Ibsen låg vêrfast sommaren 1862, og fekk inspirasjon til å skrive Brand. Vi viser stader som er knytt til segn og historier Ivar Kleiven skreiv om i I Gamledågå. Lett vandring frå vestsida av Fantesteinvatnet over dei nye, spektakulære bruene over vatnet til Sognefjellshytta. 

11.00 Dei som vil på fjellmesse i staden for å vera med på turen til Herva, kan gå av ved Sognefjellshytta. 

12.30 Dugurd. 

13.30 Fjell-Noreg /Bergtatt.

Konsert med Aslak Brimi, Mari Midtli og Strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet. 

Turen blir avslutta ved Lom stavkyrkja seinast 16.00. 

Bindande påmelding innan 23. august. 

Kr. 650 / berre konsert kr. 250. 

11.00–12.00 Mellombygget Sognefjellshytta. 

Fjellmesse ved Asbjørn Haugen. 

Arrangør: Lom kyrkjelege råd. 

19.00 Andre etasje, Vågå. 

Ja kom og klink og drik Bjerregaards Skaal. 

Konsert-foredrag om det nasjonale syngespelet Fjeldeventyret og sorenskrivarsonen Henrik Anker Bjerregaard frå Vågå. For korleis oppstod det norske sjølvbiletet for 200 år sidan, og korleis ser det ut i dag? Med Mette Vårdal, Vegar Vårdal, Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit. Produsert av Kultivator med støtte frå Kulturrådet. 

kr. 200. 

Program laurdag 31. august

12.00 Forfattarbesøk på biblioteka i Lom, Skjåk og Vågå. 

Gratis. 

09.00–15.00 Seminar i Hagehuset på Nordgard Aukrust. 

Tema: Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap. 

09.00 Velkomst med poetisk og musikalsk opptakt. Seminarleiar Ola Aukrust i samarbeid med Even Lusæter. 

09.15 Berre stein? Vandring i natur og litteratur. Ved Cato Schiøtz. 

10.00 Upp til fjells, so høgt som sky kan nå. Fjellet som metafysisk og økokritisk stad hjå Olav Nygard, Olav H. Hauge og Olav Aukrust – og i samtidspoesien. Ved Eirik Vassenden. 

11.00 Kaffi- og tepause. 

11.15 Ideer om natur og frihetFra Henrik Wergeland til Arne Næss! Ved Nina Witoszek. 

12.15 Dugurd. Samtaler i det grøne. 

13.15 Ver Sanctum (Heilag vår). Musikk: Sparre Olsen, Op.30–. Tekst: Olav Aukrust. Josefinekoret, Oslo. Piano: Natasja Rybak. 

13.30 Ørneflukt og ormegard – Det høge og låge – og det heilage. Jan Inge Sørbø. 

14.15 Refleksjon og avsluttande samtale. 

Seminaravgift inkludert dugurd og kaffipause kr. 650. 

Enkeltforedrag kr. 200. Dugurd kr. 200. 

16.00 – 16.30 Tor Jonssonstugu. 

Tone Ringen: Tor Jonsson i ord og tonar. Kr. 50. 

18.00 – 20.15 Festkveld i Utgard. 

Kulturinnslag av born og ungdom frå Lom, Skjåk og Vågå. 

Festtale ved Guri Sørumgård Botheim. 

Utdeling av Diktardagarprisen. 

Tone Ringen syng. 

Vindsus i fjell. Musikalsk reise med Jotunheimen underholdning. Gamle og nye tekster og tonar knytt til diktarane i regionen. 

Kr. 300/150. 

21.00 Bokbad på Fossberg. 

Sigmund Løvåsen, Brit Bildøen og Olaug Nilssen blir bokbada av bademeister Magnhild Bruheim. Kr. 200.