Sponsorer

Takk òg til

Frist for påmelding 25. aug. Diktardagarmiddag og Vera Henriksen-utflukt

25. august kl. 16.00 er frist for påmelding til Diktardagarmiddagen på Fossheim fredag og utflukta i Vera Henriksens og Bent Jonssons rike i Bøverdalen sundag.

Diktardagarmiddag
Vera Henriksen-utflukt

 

Bokbad og opplesingar

I år blir det opplesingar på kaféar i alle tre kommunane under Diktardagar. Ragnhild Kolden blir å treffe både i Lom, Skjåk og Vågå der ho les og pratar om den nye boka, «Det gode vi ikkje gjer». Jens M. Johansson skal ha opplesing og samtale med Rita Mundal på Bakeriet i Lom laurdag. Han blir også å treffe på Litterær lunsj på Lom folkebibliotek kl. 13.00 fredag, der det blir kaffi, kringle og bokprat med bibliotekarane i høve Nasjonal bibliotekdag. Dette er eit arrangement i regi av Lom folkebibliotek.

På Bokbadet er kvinnedominansen stor i år. Bademeister Bruheim skal skrubbe laus på tre kvinnelege forfattarar. Therese Tungen frå Kvam i Gudbrandsdalen har i år debutert med novellesamlinga «Ein gong var dei ulvar» som ho har fått svært gode skussmål for. Med seg har ho Selma Lønning Aarø som i fjor kom ut med boka «Hennes løgnaktige ytre. En roman om Anna Munch». Anna Munch var sjølv forfattar og besett av kollegaen som er årets Diktardagarforfattar, Knut Hamsun. Aina Basso er tredje kvinne på laget. Basso har skrive fleire historiske romanar både for ungdommar og vaksne, og deltek også på Diktardagar med eit eige opplegg om «Markens grøde» for elevane på ungdomsskulane. Det blir boksal og signering på Bokbadet og på opplesingane.

 

Dylan på Diktardagar – Tom Roger Aadland

[et_pb_section bb_built=»1″ _builder_version=»3.0.66″ custom_padding=»0px|0px|0px|0px»][et_pb_row _builder_version=»3.0.66″ background_position_1=»top_left» background_repeat_1=»no-repeat» custom_margin=»0px|0px|0px|0px» custom_padding=»0px|0px|0px|0px» padding_top_1=»0px» padding_right_1=»0px» padding_bottom_1=»0px» padding_left_1=»0px»][et_pb_column type=»4_4″][et_pb_text _builder_version=»3.0.66″ background_layout=»light» text_orientation=»left» border_style=»solid» custom_margin=»0px|0px|20px|0px» custom_padding=»0px|0px|0px|0px»]

Vi er svært glade for at nettopp rockepoeten Tom Roger Aadland kjem til å spela ei av hovudrollene under årets Diktardagar. Aadland har gjort det meisterstykke å gjendikte fjorårets Nobelprisvinnar i litteratur, Bob Dylan, til nynorsk på ein måte som har fått sjølv dei argaste dylanologar til å ta av seg hatten. Han har gjeve ut dei to ikoniske Dylan-platene Blood On The Tracks frå 1975 som vart til Blod på spora og kom ut i 2009. I fjor kom Blondt i blondt, Dylans Blonde On Blonde, frå 1966. Aadland har motteke strålande kritikkar for platene, og Blondt i blondt vart kåra til Årets album av NRK P1 Norsk på norsk. I tillegg har han eit stort repertoar med eigne songar. I sommar er han ute med ny singel, «Sommaren utan ende», som i følge musikkjournalistar er den beste sommarsingelen på norsk på år og dag.

Tom Roger Aadland blir med oss på Pubpoesi på Nordalsfjoset fredag. På Markens grøde-seminaret laurdag skal han trekkje liner mellom tekstene til dei to Nobelprisvinnarane Knut Hamsun og Bob Dylan, og festkvelden i Utgard laurdag blir avslutta med Tom Roger Aadland-konsert. Vi gler oss stort til at Tom Roger Aadland skal innta Ottadalen og Diktardagar! Enn så lenge får de ein liten smakebit med «Eg må ha deg», Dylans «I want you», frå albumet Blondt i blondt:

[/et_pb_text][et_pb_video _builder_version=»3.0.66″ src=»https://youtu.be/fx_8iySedmI» play_icon_color=»#5b8f9e» /][/et_pb_column][/et_pb_row][/et_pb_section]

Norges 57. morsomste mann til Diktardagar

I år har vi gleda av å ha med oss Are Kalvø, Norges 57. morsomste mann, på Diktardagar. Are deltek med kåseri på arrangementet i Vågå kulturhus fredag og bidreg med underhaldning under Diktarmiddagen på Fossheim seinare same kveld. I følge Are er alt vi treng å vite om han at han er fødd 31. desember 1969 på Stranda på Sunnmøre og at han bur i Oslo. I tillegg har han ei imponerande liste å vise til som innheld 14 bokutgjevingar, merittar på scene, radio, TV, som spaltist og innan musikk. OBS! Det vart først annonsert at Are skulle delta på festkvelden i Lom laurdag, men på grunn av kollisjon med premiere på Det Norske Teatret, blir det Vågå fredag i staden. Uansett tid og stad gler vi oss stort over at Are Kalvø er med på årets Diktardagar!

 

Livsveven – lengt og lagnad

Måleriutstilling – Wilhelm Ruud Bjertnes
Tematiske bilde knytt til Markens Grøde av Knut Hamsun, Tor Jonsson, Vera Henriksen og Hans W. Brimi
Utstillinga opnar i Utgard torsdag 31. august kl. 18:00 og stengjer sundag 10. september kl. 17:00.
Skuleklasser og andre interesserte kan avtale tid med kunstnaren for omvising.
Utstillinga er eit samarbeid mellom kunstnaren og Diktardagar 2017.

TAGAL – Tor Jonsson tonesett av Georg Buljo

Laurdag 12. november kl. 19:30 avsluttar Diktardagar 100-års markeringa for Tor Jonsson

i Kulturstugu i Utgard med urframføring av bestillingverket Tagal.

Publikum får høyre melodiske, vakre og vare stemningar der Susanna Wallumrøds karakteristiske vokal får blande seg med meditative instrumentale parti med tradisjonsmusikalske krumspring.

Sigmund Bråtet les dikt av Tor Jonsson.

Georg Buljo har kledd Tor Jonssons tekster i lågmælt og intens musikk i eit snodig folk/pop landskap georgsom blir framført av Susanna Wallumrød, Erlend Viken, Per Willy Aaserud, Christian Svensson og Georg Buljo. Urframføring i  Lom med nokre av Norges mest spennande musikarar på laget.

Publikum vil få høyre Buljos melodiske, vakre og vare stemninger der Susanna Wallumrøds karakteristiske vokal får blande seg med meditative instrumentale partier ispedd tradisjonsmusikalske krumspring.

Georg Buljo – gitar, komponist, ensembleleiar

Susanna Wallumrød – vokal, piano

Erlend Viken – fele Per W Aaserud – trompet og synth

Christian Svensson – trommer og elektronikk

Georg Buljo er kjent som gitarist, komponist og produsent blant annet for Mari Boine, Niko Valkeapää og har samarbeidd med norske songarar som Odd Nordsoga, Lars Bremnes og Jan Eggum.   Buljo var Årets Profil under Festspillene i Nord Norge 2015 og Årets Samiske Artist 2014. Buljo har gjeve ut soloalbumet «Saxapahaw» og plata «Neve» (saman med Nils Økland), komponert fleire bestillingsverk og musikk for dans og teater.
Georg Buljos bakgrunn fra pop, rock og improviserte musikkformer gjev seg ofte til kjenne, men musikken hans bevegar seg også i grenselandet mellom samisk, norsk og internasjonal tradisjonsmusikk i ei moderne form.

Buljo har sin oppvekst fra Oppdal og Gjøvik med morsslekt fra Hamar-regionen medan dei samiske røttene er seg i Masi og Kautokeino. Før han studerte musikk i Oslo var han sivilarbeider på- og etter kvart leiaer for Rockeverkstedet på Lillehammer.

”Jeg bodde to år på Lillehammer, i døråpningen til Gudbrandsdalen, og de årene var veldig viktige for min musikalske utvikling. Røttene i innlandet blir alltid værende», seier Buljo.

«Tor Jonssons mørke er noe vi alle kan  kjenne oss igjen . Han formidler menneskets tidløse sosial søken og kamp». (Buljo om Jonsson)

Susanna Wallumrødsusanna frå Kongsberg er kvinna bak artistnamna «Susanna and the Magical Orchestra», «Susanna» og «Susanna Wallumrød». Ho har sidan 2004 gjeve ut musikk på uavhengige selskap som Rune Garmmofon, Grappa Musikkforlag og gjennom sin eigen label Susanna Sonata.

Susanna har tidlegare lånt stemma si til tittellåten i filmen «No Word for worry» der Buljo skreiv musikken, og Buljo har gjesta Susannas trio b.a under festivalen Crossing Border i Nederland og  på Øyafestivalen. Ho er kjent for sine originale tolkingar av mellom anna AC/DC, Dolly Parton, Thin Lizzy og ABBA, men også for sine eigne, sterke komposisjonar og for tonesetting og tolking av Gunvor Hofmo sine dikt.   (Foto: Anna Valeur)

Susanna Wallumrød har gjeve ut 11 album til nå og ho fekk Spelmannsprisen The Forester (2013) og Meshes of Voice (2014). Ho har i tillegg komponerte fleire bestillingsverk og motteke ei rad prisar. Ho er òg kjent for samarbeidet med Tuva L. Syversen, Stian Westerhus, Jenny Hval, Tord Gustavsen, amerikanske Bonnie «Prince» Billy og den

Erlend Viken, fele, er frå Oppdal og har bakgrunn frå Vinstra Vidaregåande og Norges erlend-viken-trioMusikkhøgskole. Han har gjeve ut fleire album med sin eigen trio, har vunne prisar for  plater med Aslak Brimi og er medlem av bandet Earlybird Stringband.

Viken komponerer også musikk til Frikar Dance Company og har vore med på ein rekke plateutgjevingar, seinast med OnklP & De Fjerne Slektningene og på den dobbelt spellemannsnominerte plata til Erlend Ropstad. I 2012 vann Erlend den høgt hengande Intro-folk prisen.

 

 Per Willy Aaserud  frå Gran på Hadeland, har i over tretti år samarbeidd med Buljo i mange  per-willy-aaserudforskjellige samanhengar. Han har også jobbe med artistar som Niko Valkeapâä, Gisle Børge, Styve Trio, Inger Marie Gundersen og Jonas Fjeld.

 

 

Christian Svensson er trommeslager frå Karlstad i Sverige. I 10 år var han på turné med det svenske bandet Hedningarna, og han har òg jobba med Harv, Bruvoll/Halvorsen. christian-svensson

Både Aaserud og Svensson var med på Buljos bestillingsverk «Maze» til Festspillene i Nord-Norge i 2015.  Erlend Viken har samarbeidd med Buljo i hans Electric Bidus Ensemble. Susanna har tidligere lånt stemme til tittellåten til filmen “No word for worry” der Buljo skrev musikken. Buljo har også spilt konserter med Wallumrøds trio blant annet under festivalen Crossing Border i Nederland og på Øyafestivalen.

November 2016 kl. 19:30 i Kulturstugu – Utgard

Dørene opnar kl. 18:30.

Det blir høve til å kjøpe, kaffe og anna god drikke.

Dei som ynskjer det kan òg få kjøpt bøker.

Billttar:  kr. 295.- + serviceavgift  kan kjøpast i Utgard

Eller på nettet: www.lom.no/utgard

Arr.: Diktardagar i samarbeid med Tor Jonssonlaget, Utgard og Lom kommune

Sonsorar: Oppland Fylkeskommune         Det norske komponist fond

Fossheim Hotell                          Sparebank 1 Lom og Skjåk

 

Vi tek atterhald om endring i programmet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Diktardagar 2017

Diktardagar 2017 i Lom, Skjåk og Vågå blir arrangert i perioden 31. august til 3. september 2017.

Neste år er det 100 år sidan Markens Grøde av Knut Hamsun kom ut. Derfor vil ein del av programmet bli knytt til tema i den romanen. Vi reknar med å ha på plass eit førebels program rett før jul.

Vi oppmodar interesserte om å merke seg datoane, og ynskjer alle velkomne til nye Diktardagar!

 

Vellykka Diktardagar 2016

Aldri har det vore så stor interesse for Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå som i år.

Alle disponible plassar på Diktardagarmiddagen vart fyllt opp, dvs. om lag 100 person var med på den trivelege middagen på Fossheim. Interessa for Bokbadet var så stor at vi måtte sette strek for billettsalet og opprette venteliste for folk som gjerne ville få med seg det. Som vanleg vart det att nokre billettar som ikkje  vart henta av dei som hadde bestilt, og alle 120 kom inn til slutt.

Berre kjærleik og død i Marlo grendahus fredag vart svært godt motteke av ein fullsett sal, og skodespelarane vart takka med trampeklapp.

Temaet for seminaret fenga tydelegvis mange, og dei interessante forelesarane fekk stor applaus frå dei ca. 130 som deltok.  Dette er òg rekord; ja, faktisk 40 fleire enn på seminaret for 2 år sidan da Frank Aarebrot trekte mykje folk.

Sidan det var Tor Jonsson-jubileum var det kanskje ikkje så rart at mange ville høyre foredraget som Ove Røsbak heldt ved Tor Jonssonstugu, men at det skulle kome bortimot 150 personar overraska oss.

Festkvelden vart også ei stor oppleving for dei om lag 200 som hadde funne vegen til Utgard. Dessverre var Sigbjørn Johnsen forhindra i å kome pga at mor hans låg på sitt siste, men han har lova å kome til Lom seinare ein gong og halde foredraget sitt da.

Diktardagar 2016 avslutta med minneprogram om Aslaug Høydal på Utgard i Lundagrenda.  Ca 150 personar fann vegen dit og dei sette pris på eit variert program.

Vi takkar alle som deltok på Diktardagar 2016, og ynskjer velkomen att neste år!

 

 

 

Diktardagarprisen 2016

Foto: Benedikte Skarvik, Samlaget

Foto: Benedikte Skarvik, Samlaget

Diktardagarprisen 2016 går til Guri Sørumgård Botheim. Guri debuterte med romanen Ramstein pensionat (2009) i lag med søstera, Sigrid. Dei var redaktørar for boka Søsken (2011) i lag med Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Sigrid og Guri skriv også humorspalte i Dag og Tid. Guri har fått svært gode omtaler for diktsamlinga «Heime mellom istidene» som kom ut i vår. Her skriv ho om heimbygda ho reiste frå og om livet i byen. Ho skriv om tilknytninga til heimplassen, bygda der slekta har levd heilt sidan istida. Nokre har flytta ut, men alltid kome attende. Blir ho den fyrste som ikkje kjem attende? Guri er fødd i 1978 og kjem opprinneleg frå Lesja. Ho bur nå i Trondheim. Guri føyer seg inn i den fine rekkja av skrivande kvinner frå dalen som har motteke Diktardagarprisen. I 2014 gjekk prisen til Gyrid Axe Øvsteng frå Vågå, i fjor til Anna Kleiva frå Vinstra. Under Diktardagar 2016 deltek Guri med opplesing frå den siste boka si på Bokhandelen kafè i Vågå laurdag kl. 14.00. Ho er også med på festkvelden i Utgard der prisutdelinga går føre seg, og er sjølvskriven gjest på bokbadet laurdag kveld. Her kan de sjå den fine filmen som er laga til «Heime mellom istidene»: https://youtu.be/UMQaMj90ujk

Rekordstor interesse for seminaret i år

Vi har aldri tidlegare merka så stor interesse for litteraturseminaret vårt som i år. Dei fyrste billettane vart tinga før 1. mai, og det er tidleg når salet eigentleg ikkje startar før 1. august. Til nå har 70 personar tinga billett. Dette skuldast nok fyrst og fremst at Noregs Mållag legg haustseminaret sitt til Lom rett i etterkant av Diktardagar 2016, og dei kjem så tidleg at dei får med seg våre arrangement også.

Seminaret går føre seg i Kulturstugu i Utgard, så det er godt om plassar framleis. Men styret i Diktardagar tilrår at dei som er interesserte i å sikre seg plass, reserverer eller kjøper billett på heimesida vår.

Det er ei glede å konstatere at Diktardagar har klart å skape så stor interesse langt utover vår region.