«Ringar i vatn». Utstilling

Dato: 01.09.2022 - 18.09.2022
Tid: 17:00

Ùtstillinga «Ringar i vatn» opnar torsdag 1. september i Steinfjoset i Lom. Utstillinga er eit samspel mellom poesi, biletkunst og musikk der lyrikar Lisbet Lid Venås, biletkunstnar Runau Venås og musikkstudent Una Aurora Sand, tre kvinner i tre generasjonar, møtest i tre ulike kunstuttrykk. «Ringar i vatn» er eit rom der tekst, bilete og lyd er sett saman til ein heilskap med temaet ljos og mørkre og alt som svevar imellom.

Utstillinga er ope kvar dag frå 12.00–18.00 fram til 18. september.

Laster kart ....