Una Aurora er 23 år og er for tida student ved Norges Musikkhøgskole i Oslo ved Det frie kandidatstudiet. Ho er ei allsidig dame som spelar på fleire strengar. I studiet sitt driv ho m.a. med vokal, låtskriving, produksjon og live-elektronikk. Ved sidan av studiet driv ho også med visuell kunst.
Under Diktardagar 2022 skal ho vere med på utstillinga «Ringar i vatn» som er eit rom der tekst, bilete og lyd er sett saman til ein heilskap.
Foto: Una Aurora Sand Venås