Runaug Venås er fødd i Lom i 1968, og bur og jobbar som kunstnar i Telemark. Ho er utdanna ved Kunstøgskolen i Oslo og Oslo Tegne- og Maleskole, og har hatt mange utstillingar fleire stader i landet. Runaug jobbar i ein eigenutvikla teknikk der ho blandar måleri og teikning, og motiva er abstraherte landskap som syner natur i endring. På Diktardagar 2022 er ho aktuell med utstillinga «Ringar i vatn» i Steinfjoset i Lom.
Foto: Una Aurora Venås Sand