Til fjells – Sognefjellet

Til fjells – Sognefjellet

Når

01.09.2019    
10:00 - 15:45

Hvor

Sognefjellshytta
Sognefjellsvegen 4974, Lom, 2686
Laster kart ....

Sognefjellet – ei inspirasjonskjelde for mange diktarar og kunstnarar.

Avreise med buss frå P-plassen ved Lom stavkyrkja. Vi følgjer fara til Holberg, Asbjørnsen, Ibsen, Grieg, Gude og mange andre til Herva. Stopp ved steinbua, der Ibsen låg vêrfast sommaren 1862, og fekk inspirasjon til å skrive Brand. Vi viser stader som er knytt til segn og historier Ivar Kleiven skreiv om i I Gamledågå. Lett vandring frå vestsida av Fantesteinvatnet over dei nye, spektakulære bruene over vatnet til Sognefjellshytta.

11.00 Dei som vil på fjellmesse i staden for å vera med på turen til Herva, kan gå av ved Sognefjellshytta.

12.30 Dugurd.

13.30 Fjell-Noreg/Bergtatt. Konsert med Aslak Brimi, Mari Midtli og Strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet.

Turen blir avslutta ved Lom stavkyrkja seinast 16.00.

Bindande påmelding innan 23. august.

Kr. 650 / berre konsert kr. 250.