Tom Roger Aadland

Tom Roger Aadland (1964) er rockepoet frå Haugesund. Han har så langt i karrieren gjeve ut seks album. I 2009 kom «Blod på spora», ein nynorsk versjon av Bib Dylans klassiske «Blood on the Tracks» frå 1975. I fjor kom han med albumet «Blondt i blondt», si andre utgjeving med Bob Dylan i nynorsk versjon. Denne plata vart kåra til årets beste av NRK P1 Norsk på norsk. Han har altså hausta strålande kritikkar for dei nynorske gjendiktingane av Dylan, sjølv dei mest ihuga dylanologar har tatt av seg hatten. Elles er han kjend for radiohiten «Min beste ven på ein dårleg dag» frå albumet «Fløyel og stål» som kom ut i 2012, og den nye singelen som kom ut i år, «Sommaren utan ende».

Tom Roger Aadland spelar ei av hovudrollene under årest Diktardagar. Han skal bidra med pubpoesi på Nordalsfjoset fredag kveld, halde foredrag på Markens grøde-seminaret laurdag og halde konsert på festkvelden i Utgard laurdag.