Maren Sandbakk er opphaveleg frå Trysil, men bur i Telemark der ho arbeider som kommunikasjonsrådgjevar ved Universitetet i Sørøst-Norge. Ho er utdanna journalist og kulturvitar, masteroppgåva hennar har tittelen «No vert det spanande! Komikk og karneval i Flåklypa Tidende». Ho er glad i å lese, strikke, køyre traktor og ete sjokolade. Under Diktardagar vil ho fortelje ut frå tematikken i masteroppgåva si.