Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist, har er professor i sosialfag ved høgskulen i Volda. Sørbø er oppteken av religiøse og eksistensielle spørsmål, i 2013 gav han ut «Til trøyst. Å gje språk til psykiske kriser». Doktorgraden hans handlar om Arnold Eidslott og Theodor W. Adorno. I 1986 debuterte han som poet, men han har også skrive biografiar om filosofen Hans Skjervheim og «Ørneflukt og ormegard» frå 2009 om Olav Aukrust. Sørbø er ein aktiv samfunnsdebattant som mellom anna skriv regelmessig i Dag og Tid. I 2018 gav han ut standardverket «Nynorsk Litteraturhistorie».