«Til fjells» ute for sal

Diktsamlinga ”Til fjells” er nå i sal hjå Loarutsalet i Lom, Vågå bok og leker i Vågå og Akantus blomster i Skjåk. Det er også mogleg å bestille boka ved å sende e-post til [email protected] eller ved å gå inn på nettbutikken til Lom folkebibliotek https://www.lom.kommune.no/tenester/kultur-idrett-fritid-kyrkja/lom-folkebibliotek/nettbutikk/. Ved bestilling kjem porto i tillegg. Elles er prisen for boka kr. 195.

Diktsamlinga er laga med tanke på at det skal vere mogleg å ta ho med seg på fjelltur, såleis har det vorte til ei fjellyrisk handbok. Det er Hanne Gran ved Skjåk folkebibliotek og Rita Mundal ved Lom folkebibliotek som har vore redaktørar, medan biblioteka i Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk alle har vore med i innsamlinga av dikta til boka. Felles for alle dikta er at dei handlar om fjell. Dei fleste av dei omtrent 60 dikta er skrivne av lokale forfattarar, heilt frå Edvard Storm som var fødd i 1749 til Anna Kleiva som var fødd i 1985. (Foto: Hans Erik Kjosbakken/Fjuken)