Vi er stolte av å kunne lansere diktsamlinga «Til fjells» under Diktardagar. Diktsamlinga er laga med tanke på at det skal vere mogleg å ta ho med seg på fjelltur, såleis har det vorte til ei fjellyrisk handbok. Det er Hanne Gran ved Skjåk folkebibliotek og Rita Mundal ved Lom folkebibliotek som har vore redaktørar, medan biblioteka i Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk alle har vore med i innsamlinga av dikta til boka. Felles for alle dikta er at dei handlar om fjell. Dei fleste av dei omtrent 60 dikta er skrivne av lokale forfattarar gjennom 250 år, heilt frå Edvard Storm som var fødd i 1749 til Anna Kleiva som var fødd i 1985. Diktinga har stått sterkt i Nord-Gudbrandsdalen gjennom alle desse åra, og fjella og naturen vår har vore ei viktig kjelde til inspirasjon for forfattarane. (Foto: Hans Erik Kjosbakken/Fjuken)