Årets «pubmusikar» under Diktardagar er ingen ringare enn Stein Torleif Bjella. Fredag kveld vil han halde intimkonsert på Brimibue, konserten har fått tittelen «To fjellovergangar lenger bort» sidan Bjella som kjem frå Ål i Hallingdal bevegar seg over to fjellovergangar for å kome til Lom. Billettane blir lagt ut den 1. juli, og vi har ein mistanke om at dei kan forsvinne rimeleg fort. Stein Torleif Bjella er ein av dei mest populære innanfor norsk musikk for tida, han dreg fulle hus over heile landet og står på scenene til fleire av dei største norske musikkfestivalane.