Konsert med Aslak Brimi og Mari Midtli

Konsert med Aslak Brimi og Mari Midtli

Når

01.09.2019    
13:30 - 15:00

Hvor

Sognefjellshytta
Sognefjellsvegen 4974, Lom, 2686
Laster kart ....

Fjell-Noreg/Bergtatt. Konsert med Aslak Brimi, Mari Midtli og Strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet.

Vinteren 2019 kom Mari Midtli og Aslak Brimi med prosjektet og albumet «Bergtatt» i lag med kammerorkesteret Sinfonietta Innlandet. I skjæringa mellom klassisk og folkemusikken bergtok dei publikumet sitt, og nå kjem dei til Diktardagar for å spele for oss. Dei har spesiallaga ein konsert for Diktardagar der diktinga til Olav Aukrust står sentralt. Konserten «Fjell-Noreg» – inne i den nye arkitektoniske perla på Sognefjellshytta – vil bli ei stor og spennande musikalsk oppleving.
Diktardagar har tinga eit nytt musikkverk frå dei lokale komponistane Aslak Brimi og Bjørn Kåre Odde. Det nye verket har fått tittelen «Skaldespor», og er skrive for songsolist, fele og strykekvintett. Verket vert urframført på denne konserten under Diktardagar.
Med på konserten er Mari Midtli (song), Aslak Brimi (fele/song), samt ein strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet med Sander Tingstad (1.fele), Bjørn Kåre Odde (2.fele), Elin Marie Christensen (bratsj), Ida Malene Christensen (cello) og Jon Åsnes (bass).

Kr. 250.