Vegar Vårdal

Vegar Vårdal (f.1975) er busett i Vågå, og arbeider som frilans folkemusikar og folkedansar. Han er ein av dei mest aktive utøvarane på vanleg fele her i landet, og er fast medlem i RUSK og Fant og Fente. Vegar er tilsett som instrumentallærar ved musikkinstitusjonar som Det Fynske Musikkonservatorium, Norges musikkhøgskole, Ole Bull Akademiet og Landslina i folkemusikk ved Vinstra Vidaregåande Skule. Under Diktardagar 2014 deltok han på urframføringa av Himmelvarden på Nordgard Aukrust laurdag 3. august kl. 18.30.