Knut Olav Åmås

Knut Olav Åmås Foto: snl.no

Knut Olav Åmås
Foto: snl.no

Knut Olav Åmås er fødd 19. januar i 1968 i Mo i Rana, men voks opp i Odda. Han har studert idéhistorie, administrasjon og organisasjonsvitskap og har hovudfag i filosofi (1996) og doktorgrad i medievitskap (2005), begge frå Universitetet i Bergen. Han er forfattar og skreiv bl.a. den fyrste biografien om Olav H. Hauge. Knut Olav Åmås har vore tilknytt aviser som Bergens Tidende, Dagbladet og Aftenposten, har vore redaktør i Universitetsforlaget og for tidsskriftet Samtiden. Frå 2013 – 2014 var han statssekretær i Kulturdepartementet. Sidan hausten 2014 har han vore direktør for Fritt ord. Han deltek på seminaret på Diktardagar med foredraget Dei farlege ytringane, eit aktuelt tema om ytringsfridom under press. Han held også festtala på festkvelden i Utgard.