Aslak Brimi og Mari Midtli

Aslak er spelmann frå Garmo i Lom, har studert musikk i Oslo, arbeider som musikklærar, og er aktiv medlem av Lom spel- og dansarlag. I tillegg har han produsert fleire CD-ar saman med andre eller solo. Under Folkelarm i 2016 vart han kåra til årets folkemusikar. Han har mellom anna vore nominert til Spelemannsprisen og han har vunne fele klasse A under Landskappleiken heile fire gonger. Aslak har tidlegare vore med i fleire produksjonar knytt til Diktardagar.

Mari Midtli frå Nord-Sel er ein av våre fremste aktørar når det gjeld vokal folkemusikk, ho spelar også fele. Ho er student ved Ole Bull-akademiet på Voss, og ho er også med i ei rekke lokale prosjekt. I 2015 vann ho Toneprisen, og ho har markert seg med fleire sterke plasseringar både i vokal og fele under Landskappleiken.