Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud (f 1968) frå Isfjorden i Romsdal debuterte i 1996 med barneboka «Berre ikkje brøyteplogen kjem», ei bok han fekk Kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for. Han har seinare gjeve ut fleire bøker for barn, ungdom og vaksne og fått fleire prisar.
For boka «Snillionen» frå 2017 fekk han på nytt pris frå Kulturdepartementet for årets beste barne- og ungdomsbok. Snillionen er ei humoristisk forteljing om kor vanskeleg det er å vera styrtrik og samtidig eit godt menneske.