Aasmund Nordstoga

I 2013 gav Aasmund Nordstoga ut si 4. plate på Warner Music Norway: ”Guten”. Dette er ei plate med tekstar av Aasmund Olavsson Vinje og tonar og arrangement av Odd Nordstoga og Edvard Grieg. Under Diktardagar 2018 er det Vinje-tekstar han skal framføre.
I samband med Tor Jonsson-jubileet i 2016 var han med på plateprosjektet «Tor Jonsson – 100 år med kjærleik og død, saman med Tor Jonsson Orkester.
Aasmund seier sjølv om prosjektet Guten: ”2013 er det nasjonale Språkåret som markerer 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Aasmund Olavsson Vinje var den fyrste til å bruke Aasens landsmål til både lyrikk og sakprosa. Dikta hans er av ein eineståande karakter, og er like aktuelle i dag som då dei vart skrivne. Edvard Grieg tonesette mange av Vinjes dikt, og dei er kjende som Griegs fremste romansar. Min intensjon er å pakke dikta inn i viseformatet, slik at teksten kjem tydelegare fram enn i romansetradisjonen, og slik at Vinjes tekster på mange måtar framstår meir moderne. Konserten presenterer Vinje som lyrikar, samfunnsdebattant og humorist.
Edvard Grieg tok Aasmund Olavsson Vinje ut til all verdas operahus. Min intensjon er å ta han heim.