Årets aktørar
Lars Bakke med band
Lars Bakke er frontfigur og låtskrivar i folkrock-bandet LoMsk. Låtmaterialet hans er ofte inspirert av hendingar, personar, lyrikk, segner og historier frå heimemiljøet.
Laura Djupvik
Laura Djupvik skriv skjønnlitterære bøker for både barn, unge og vaksne. I 2008 vart ho tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris.
Ole Karlsen
Ole Karlsen er professor emeritus i nordisk litteratur ved Høgskolen i Innlandet. Han har skrive om diktinga til mange kjende forfattarar i norsk og nordisk lyrikk.
Pål Hovengen Plassen
Pål Hovengen Plassen er journalist og programleiar frå Vågå. Han jobbar for NRK, og er no programleiar for radioprogrammet "Kompass" i NRK P2.
Ragnhild Hovengen
Ragnhild Hovengen deltek på litteraturseminaret. Der leiar ho ein litterær samtale om Edvard Munch og Knut Hamsun, med Ivo de Figueiredo og Henning Howlid Wærp.
Ragnhild Kolden
Ragnhild Kolden er forfattar frå Bøverdalen i Lom. Ho har mellom anna gjeve ut fleire kritikarroste romanar om andre verdskrig.
Siri Helle
Siri Helle er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. I 2020 gav ho ut boka "Med berre nevane. Eit forsvar for praktisk arbeid".