Klaus Vatne
Klaus Vatne er ein artist frå Bergen som har sett melodi til nobelprisvinnar Jon Fosse sine «Songar» (Samlaget 2009). Vatne har framført songane jamleg sidan 2011. Tonesetjingane er i sjiktet vise, pop og blues. Dette er difor musikk som fell i smak hjå eit breitt publikum.
Det blir markering av nobelprisvinnaren med Jon Fosse-program på Diktardagar. Klaus Vatne framfører songar av Fosse på opninga i Skjåk fredag kveld den 30 august, og han har lengre program på biblioteka i Skjåk og Vågå. Vatne opnar også litteraturseminaret laurdag.