Uredd prisvinnar

Åsne Seierstad

Åsne Seierstad er ein samfunnsengasjert og uredd journalist og forfattar. Ho var den første norske journalisten som var på plass ved fronten i Afghanistan, der ho dagleg leverte nyhende til nordiske aviser, radio og fjernsyn. Under krigen i Irak var Seierstad ein av få vestlege journalistar som vart att i Bagdad under det amerikanske angrepet. Frå byen rapporterte ho om brutale krigshistorier sett gjennom augo til innbyggjarane.

Frå reportasjer til bøker

Arbeidet som krigsreporter og utanrikskorrespondent inspirerte Åsne til å skrive fram sterke historier om menneskeskjebner i bokform. Boka Hundre og én dag – en reportasjereise er skriven som ein rapport frå tida i Bagdad, medan De krenkede er ei reportasjebok frå eit krigsherja Tsjetsjenia. To søstre handlar om systrene frå Bærum som reiste til Syria og slutta seg til terrororganisasjonen IS. I fjor kom boka Afghanerne, der Seierstad reiser tilbake til Afghanistan tjue år etter at ho skreiv Bokhandleren i Kabul. Her fortel ho historiene til dei som flykta frå Taliban då Kabul falt, og dei som vart att.

Samfunnsspørsmål som folkelesnad

Seierstad har motteke ei rekkje prisar for sin uredde journalistikk og sine sterke bøker. Ho har opplevd å få både Bokhandlerprisen, Brageprisen, Den store journalistprisen og Klassekampens honnørpris. I tillegg har ho vunne både Gullruten og Fritt Ords honnørpris, samt vorte kåra til Årets Peer Gynt. På Litteraturfestivalen på Lillehammer vart ho nyleg tildelt Bjørnsonprisen for den samla krafta i forfattarskapen hennar, og for å ha gjort viktige samfunnsspørsmål til folkelesing.

Under Diktardagar deltek Åsne på seminar for ungdom og forfattarbesøk på Lom folkebibliotek fredag, og på litteraturseminar og bokbad laurdag.

Foto: Kagge forlag