Klimapark 2469
Laster kart ....
Adresse
Galdhøpiggvegen 1492
2687 Bøverdalen
Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde med fokus på klimahistorie, jakt og fangst, geologi og biologi. På turen gjennom klimaparken tek ein guide med gruppa inn i eit spennande landskap av opplevingar og læring. Turen er ei kjelde til kunnskap om historie, natur og klima. Over Juvflye, ved foten av Galdhøpiggen, er det tilrettelagt med gangveg og formidlingsstasjonar.
I Juvfonne, ved enden av gangvegen, går det ein tunnel 70 meter inn i den 7000 år gamle isen.