Heltar og skurkar i høgfjellet

Guri sv kv ligg

Guri Sørumgård Botheim er aktuell med romanen Høgfjellsmeldinga. I løpet av skriveprosessen vart ho så misunneleg på romankarakteren sin som flytta heim att til Lesja, at ho og familien braut opp frå byliv i Trondheim og flytta heimover til Dombås.

Høgfjellsmeldinga

Høgfjellsmeldinga er ein roman der interessekonflikten mellom turisme og vern om villreinstammen på Dovrefjell står sentralt. Hovudkarakteren Ragna Svae får jobb som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. På Dovrefjell lever siste rest av Europas opphavlege fjellrein. Ragna får i oppgåve å skrive ein NOU om villreinen og etiske dilemma knytt til bruken av fjellet. Romanen er dels basert på verkelege hendingar. På Dovre og Lesja har konflikten om turisthytta Snøheim pågått i fleire år.

Den samfunnsengasjerte forfattaren

Den samfunnsengasjerte forfattaren er overordna tema under årets Diktardagar. I Høgfjellsmeldinga tek Guri opp ei av vår tids store interessekonflikter; omsynet til sårbar natur kontra kommersielle og samfunnsøkonomiske interesser. Det er behov for å reetablere ein grunnleggjande respekt for naturen, skriv Guri på forfattarsida si. Kan Høgfjellsmeldinga og Ragna Svae gjera ein skilnad? Ragna Svae argumenterer slik: «Villreinen har gjeve oss livet. Mistar vi villreinen, mistar vi oss sjølve. Døyr villreinen, er vi ikkje livet verdig.»

Litteraturseminar og bibliotekbesøk

Under Diktardagar deltek Guri på litteraturseminaret laurdag og på Vågå bibliotek fredag. Høgfjellsmeldinga har fått god mottaking både av litteraturkritikarar og lesarar. Boka har også fått sitt eige lydspor. Sigurd Brørs, mannen til Guri, har laga låten Fjell og vilje.

Foto på toppen: Benedikte Skarvik