Opningsseremoni

Skredeplager: Bak dei siste blånar

Ragnvald Skrede var ein gåverik lyrikar og kritikar frå Vågå. Han gav ut ei rekkje kritikarroste diktsamlingar, og opplevde å få både kritikarprisen, Doblougprisen og Norsk kulturråd sin pris. Dikta hans har ein personleg undertone som ber preg av sterke kjensler og tøffe livserfaringar etter ein vanskeleg oppvekst.

Foto av Endre Skjåk, Reidar Svare, Ole Foss, Rune Kjørren og Lars Bakke.
Endre Skjåk, Reidar Svare, Ole Foss, Rune Kjørren og Lars Bakke.
Foto: Endre Skjåk

Skrede vart fødd i 1904 som den yngste av 7 sysken i ein heim prega av konfliktar. Foreldra skilde lag då han var berre to år gammal, og Ragnvald og eine broren voks då opp hos mora. Allereie tidleg i livet synte Ragnvald at han var gåverik. Han las mykje, og vart uteksaminert frå Elverum lærarskule i 1924 med framifrå resultat. Seinare studerte han både filosofi, historie, gresk og latin medan han arbeidde som lærar og klokkar i Rauland og Vågå. Ei tid hadde han permisjon frå stillinga si i Rauland for å reise rundt og halde litterære foredrag. Han likte best å prate om Olav Aukrust, men han tok også føre seg annan nyare litteratur.

Etter at han slutta som lærar, arbeidde Ragnvald i mange år som kritikar, først for Verdens Gang, og seinare i Dagbladet. Han var også medlem av juryen for Nordisk råds litteraturpris frå 1969, og sat eit par år som formann i Det litterære råd i Den norske forfatterforening.

Under opningsseremonien på Diktardagar framfører Jotunheimen Underholdning det nykomponerte musikkverket Skredeplager: Bak dei siste blånar. Endre Skjåk står for manus og regi, medan Lars Bakke har tonesett dikt av Ragnvald Skrede. Dei har med seg Rune Kjørren, Reidar Svare og Ole Foss. Jotunheimen Underholdning har tidlegare markert seg gjennom å tonesetje fleire diktarar, fyrst og fremst frå nærområdet i Nord-Gudbrandsdalen. Dette har resultert i fleire populære framsyningar og plateutgjevingar, som Diktarplager, Hamsunplager, Sandeplager og Kvinnfolkplager.

«Kjenne deg sjølv?
Uråd!
Lell er du den einaste som stundom
anar som i draum kven du verkeleg er»
Ragnvald Skrede: «Den einaste»