Halvdan Sivertsen spelar i Lom

Halvdan Sivertsen. Foto: Rune Nilsen

Halvdan Sivertsen skal ha konsert i Lom laurdag kveld under Diktardagar 2023.

Folkekjær artist
Halvdan er ein kjend visesongar med ei karriere som strekkjer seg over meir enn femti år. Han har vore med frå den spede starten i pop- og rockmiljøet i Bodø på 60-talet, via visebølga på 70-talet, til å bli ein av landets mest folkekjære artistar.

Sommerfugl i vinterland
Halvdan formidlar meiningsfulle tekster i kombinasjon med fengande melodiar. Han brukar humor og sjølvironi og syner i tillegg eit glødande samfunnsengasjement. Den kjende låta “Sommerfuggel i vinterland” frå 1987 handlar om å vere framand i eit ukjent land og om at vi skal ha toleranse og kjærleik for kvarandre. Denne tematikken er evig aktuell og låta har betydd mykje for svært mange.

Sivertsen er representert i songbøker, han har motteke prisar og nådd ut til eit breitt publikum med musikken sin. Han utgjer i tillegg ein fjerdedel av den norske supergruppa Gitarkameratene.

Velkomne på konsert!