Familiekonsert – gratis for barn

Sigrid Moldestad og «Regndråpeborna og andre dyr»

Sigrid Moldestad har lengje hatt eit nært forhold til diktaren Jan-Magnus Bruheim sine dikt. No har ho endeleg fått oppfylt draumen om å lage musikk til nokre av barnedikta hans. Saman med fleire musikarar har ho laga plata «Regndråpeborna og andre dyr» og ein familiekonsert for publikum i alle aldrar. Musikarane leikar seg med element frå både folkemusikk og andre sjangrar.

Sigrid Moldestad og Regndråpeorkesteret. Foto: Heidi Hattestein


Noko av det finaste Bruheim gjorde

Barnedikta til Bruheim blir av mange halde fram som noko av det finaste han gjorde.

Han skreiv dikt om livet til både små og store. Har var oppteken av dyr og natur, og kan på mange måtar kallast ein tidleg miljøforkjempar med dikta sine. Han hadde ei klår stemme til dei som fell litt utanfor. Å bli sett og teken på alvor som menneske er andre tema som går att.

Moldestad er slett ikkje ukjend med Bruheim. I samband med 100-års-jubileumet for diktaren i 2014.  skreiv ho musikk til fleire vakre kjærleiksdikt med albumet «Brevet til kjærleiken». Det fekk strålande kritikkar og vart kåra til årets album i NRK-programmet «Norsk på Norsk».

Jan-Magnus Bruheim hadde eit eige auge og hjarte for dei som kjenner seg litt utanfor og åleine. Dette er tema ein finn i heile diktarskapen hans. Teksten om den einsame blomen som lengtar etter å stå i ein blomekrans med andre blomar, rørte meg.  Det er ein tekst eg trur både vaksne og barn kan kjenne seg igjen i.

sigrid moldestad

Regndråpeorkesteret

Sigrid Moldestad
Fele, hardingfele, vokal
Jørgen Sandvik
Gitar, duclimer, mandolin, vokal
Sondre Meisfjord
Bass, vokal
Kåre Opheim
Trommer, perc, vokal

Foto: Kjetil Aabø

Bilde av Sigrid Moldestad og Regndråpeorkesteret. Foto: Kjetil Aabø

Gratis inngang for barn

Under Diktardagar 2023 deltek Sigrid Moldestad og Regndråpeorkesteret med konsert i Marlo Grendehus i Skjåk.

Barn under 12 år gratis inngang.
Skuleungdom 12-18 år kr 100,-
Vaksne kr 200

Du får gratis billettar, og du kjøper billettar her: