Tur til Klimapark 2469

Klimaparken 2469 i Lom
Dato: 03.09.2023
Tid: 09:30 - 16:00

Søndag blir det utflukt med buss og guide til Klimapark 2469.

Start ved parkeringsplassen ved Lom stavkyrkje 09.30. Frå der går turen opp Solsidevegen til Flå, rv. 15 til Galdesand og vidare til Juvasshytta der vi møter natur-rettleiaren som står for omvisinga. Turen på om lag 1 km går over over permafrost på Juvflye bort til istunnelen. Her fortel natur-rettleiaren om klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet.

Høgdepunktet på turen er istunnelen i Juvfonna. Istunnelen er handhogd og utforma av iskunstnar Peder Istad. Istad har henta inspirasjon frå norrøn mytologi. Tunnelen har fleire gangar og rom, ei trapp og ein liten kinosal. Kopiar av eldgamle brearkeologiske funn kan ein sjå i ismontre i veggane. Isen er heile 7600 år gammal, den eldste isen som er registrert i Fastlands-Noreg.

Etter besøket i isen blir det dugurd på Juvasshytta med konserten Tonar frå fjell, ein minikonsert ved Vemund Aukrust på trøorgel og Ingrid Lingaas Fossen med langleik, song og lyre.

Praktiske opplysingar
I istunelen (1800 m.o.h.) er temperaturen omtrent som i eit kjøleskap. Ta med gode sko, lue og vottar.
Den guida turen varar om lag 2,5 timar. Vanlegvis er folk inne i tunnelen i om lag 20 minutt. Vi er nede i Lom sentrum att om lag 16.00.

Pris
850 kr per person. Det inkluderer buss, bompengar, dugurd og konsert på Juvasshytta.
200 kr om du vil delta berre på konserten.

Påmelding innan 25. august. Du melder deg på ved å kjøpe billett.

Minimum 20 påmelde for at utflukta skal gjennomførast.

Laster kart ....