Bokbad

Aldri Diktardagar utan bokbad på Fossberg. Årets bokbad byr på tre forfattarar som alle nyleg har gjeve ut bøker.

Deltakarane

Den samfunnsengasjerte og uredde forfattaren Åsne Seierstad deltek òg med den nyaste boka si Afghanerne. Her fortel forfattaren historia om dei som flykta frå Taliban da Kabul falt og dei som vart att. Eit portrett av tre menneske som går kvar sin veg i eit land i krig.

Anders Totland deltek med ein såkalla rølpethriller. Til jord skal du bli er ein roman om store hendingar i ei lita bygd. Her blir den pensjonerte presten, heimebrennaren og birøktaren Juul både mordar, enkemann og bestefar i løpet av stutt tid.  

Guri Sørumgård Botheim frå Lesja er aktuell med romanen Høgfjellsmeldinga. Der skriv ho om fjellet, om kven som har rett til å bruke det og korleis. Interessekonflikten mellom turisme og vern om villreinstammen på Dovrefjell står sentralt. 

Bademeister er som vanleg Magnhild Bruheim. Det blir boksal og signering.