Allsidige Anders Totland

Portrett av Anders Totland. Foto: Alva Elisabet T. Totland
Anders Totland. Foto: Alva Elisabet T. Totland

Forfattaren, journalisten, kokken, organisten og birøktaren Anders Totland ynskjer ikkje å bli sett i bås som forfattar. Ser vi nærare på forfattarskapet hans så blir da også mangfaldet raskt tydeleg. Variasjonen i tema og sjangrar er stor. Sidan debuten i 2015 har han skrive 14 bøker – både skjønnlitteratur og sakprosa – for barn, ungdom og vaksne.

Totland for barn og ungdom

Totland kvir seg ikkje for å ta opp tyngre tema for ungdom. Han har mellom anna skrive om overgrep, alvorleg sjukdom og om nettdating som går veldig gale. I 2016 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for boka Engel i snøen. For boka Så lenge ingen ser oss fekk han prisen Ordknappen i 2018.

Anders Totland besøkjer 6. klassingane i Skjåk, Lom og Vågå under Diktardagar. Han vil også vere med på seminaret for ungdom, saman med Åsne Seierstad, i Utgard i Lom.

Totland for vaksne

Den nyaste vaksenboka frå Totland, romanen Til jord skal du bli, kom i 2022. Den blir omtala som ein rølpethrillar frå bygda. Førjulstida på Finnskogen, i prestegarden hjå Jacob Juul, blir alt anna enn fredeleg. Pensjonert prest, heimebrennar og birøktar Juul blir i løpet av stutt tid både mordar, enkemann og bestefar. I den elleville historia, servert med glimt i auga, får du hjertevarme, svart humor og absurde scener i skjønn foreining. Boka skal etterkvart også bli til film.

Anders Totland deltek på bokbadet under Diktardagar, saman med Åsne Seierstad og Ragnhild Kolden.