Årets aktørar

Anders Totland

Anders Totland

Han har gjeve ut ei rekkje barne- og ungdomsbøker. Fleire av bøkene er selde til utlandet. I 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen «Engel i snøen».

Brit Bildøen

Brit Bildøen

Brit Bildøen er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho er omsett til fleire språk, og har blitt tildelt fleire litterære prisar.

Endre Skjåk

Endre Skjåk

Endre Skjåk har ein bachelorgrad i drama/teater frå NTNU i Trondheim. Han har m.a. erfaring frå Kristinspelet på Sel og Teater Innlandet.

Erling J. Pettersen

Erling J. Pettersen

Erling J. Pettersen var biskop i Stavanger fram til 2017. Han har skrive og redigert ei rekkje bøker og artiklar.

Guri Sørumgård Botheim

Guri Sørumgård Botheim

Guri kjem frå Lesja. Ho flytta til Dombås i 2021 etter fleire år i Trondheim. Guri debuterte som forfattar i 2009, saman med systera Sigrid, med romanen Ramstein Pensionat.

Hallingdansarar frå Vågå

Hallingdansarar frå Vågå

Wilmer Sandum Svanborg, Philip Kolobekken Pedersen, Magnus Skogstad Sandnes og Emil Kristiansen Sandum er 4 unge hallingdansarar frå Vågå spel- og dansarlag.

Halvdan Sivertsen

Halvdan Sivertsen

Halvdan har gjeve ut fleire prisløna album og er ein del av den norske supergruppa Gitarkameratene. I tillegg er musikken hans nytta i både film og teater.

Harald Sve Bjørndal

Harald Sve Bjørndal

Harald Sve Bjørndal er ordførar i Vågå. Han er trettande generasjon som driv den tradisjonsrike Sve gard, og er levande oppteken av kunst og kultur.

Håvard Teigen

Håvard Teigen

Han er professor emeritus og har også vore rektor på høgskulen i Lillehammer. Han har forfatta og redigert mange fagbøker. Håvard er leiar av Tor Jonsson-laget.

Ingrid Lingaas Fossum

Ingrid Lingaas Fossum

Ingrid Lingaas Fossum er ein av dei fremste langeleikutøvarane i Noreg. I 2022 vart ho valt som årets Hilmartalent.

Jan Brænde

Jan Brænde

Brænde er internasjonalt anerkjent og jobbar som biletkunstnar og grafikar. Måleria hans finst i private og offentlege samlingar i fleire land.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor i litteraturvitskap ved Høgskulen i Volda. Sørbø har skrive fleire monografiar og biografiar.

Lars Bakke

Lars Bakke

Mange kjennar han frå gruppa LOMSK. Her var han både komponist, tekstforfattar og vokalist. Gruppa har gjeve ut seks album.

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim er forfattar og journalist og har tidlegare arbeidd som radio- og tv-journalist i NRK Oppland. Ho er fast leiar av bokbadet på Diktardagar.

Ola Grøsland

Ola Grøsland

Ola Grøsland er pensjonert lektor med norsk hovudfag. Han har arbeidd med mange ulike kulturoppgåver, særleg knytt til språk og folkemusikk.

Ole Foss

Ole Foss

Ole Foss er mest kjent som musikar, og har spelt fleire ulike instrument sidan han var gutunge. Han er m.a. medlem i folkrock-gruppa LoMsk.

Reidar Svare

Reidar Svare

Reidar Svare er opprinneleg frå Vågå, men har budd i Lom ei årrekkje, der han for tida er tilsett som organist.

Rune Kjørren

Rune Kjørren

Tømrar og gardbrukar Rune Kjørren er mest kjend som gitarist i folkrockgruppa LoMsk. Bandet vart nominert til Spellemannprisen i 2007.

Sigrid Moldestad m/band

Sigrid Moldestad m/band

Sigrid Moldestad har lenge hatt eit nært forhold til Jan-Magnus Bruheim sine dikt. No har ho fått oppfylt draumen om å lage musikk til nokre av dei fine barnedikta hans.

Vemund Olav Aukrust

Vemund Olav Aukrust

Vemund Olav Aukrust er utdanna kyrkjemusikar frå Norges musikkhøgskole og HMDK Suttgart. Han har halde mange konsertar både i inn- og utland

Åsne Seierstad

Åsne Seierstad

Forfattar og journalist Åsne Seierstad er aktuell med boka Afghanerne, som kom ut i 2022. Boka vart nominert til Brageprisen.