Litteraturseminar
Den samfunnsengasjerte forfattaren
Tema for Diktardagar 2023 er den samfunnsengasjerte forfattaren. I visetekster, skjønnlitteratur og sakprosa viser forfattarar vegval og engasjement. Forfattar og journalist Åsne Seierstad er ein av våre fremste representantar for den politisk engasjerte forfattaren. Ho er særleg kjend for arbeidet sitt i krigsområde og for bøkene ho har skrive om menneskeskjebner i desse områda. Det store litterære gjennombrotet kom i 2002 med boka Bokhandleren i Kabul. Ho har blitt tildelt fleire litterære prisar for forfattarskapen, og seinast i 2022 vart ho nominert til Brageprisen for beste sakprosabok for boka Afghanerne.
Guri Sørumgård Botheim har engasjert seg i konflikten mellom kommersielle interesser og turisme og vern av sårbar natur. Med konflikten knytt til Snøheim turisthytte på Dovre som bakteppe, går romanen Høgfjellsmeldinga (2023) rett inn i konflikten mellom bevaring av den siste opphavlege villreinstammen i Noreg og menneska sin bruk av fjellet. Forfattaren legg ikkje skjul på at ho har mykje til felles med romankarakteren Ragna som er ein talsperson for villrein og urørt natur. Med romanen ynskjer Botheim at skjønnlitteraturen skal sette i gang refleksjonar og prosessar, gå føre og vise veg.
Brit Bildørens nye roman Gult farevarsel kjem ut i september. Dette er ein høgaktuell roman for oss alle som har gule og raude farevarsel friskt i minne. Klimaendringar, uvêr og ras og tilhøve mellom menneske og dyr, korleis vi ser kvarandre og naturen vi er ein del av, er tema i romanen. Bildøen har eit rikt forfattarskap å vise til. Også tidlegare har ho engasjert seg for natur- og miljøvern i bøkene sine. I romanen Tre vegar til havet er adopsjon og avmakt og sinne i møte med byråkratiet i ein lang adopsjonsprosess tema.
Med boka Dei fire store tek Jan Inge Sørbø opp kampen for kvinnelege nynorskforfattarar. I boka viser han kvifor Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam ikkje har fått den plassen dei fortener og kvifor dei bør lesast i dag.
Forfattarane held kvar sine foredrag. Seminaret blir avrunda med paneldebatt mellom innleiarane, ordskifte og oppsummering. Det blir dugurd i Presthaugen frå 11.00 til 12.30.
Seminarvert er Håvard Teigen.