Tur til Klimapark 2469

Foto: Cathrine Dokken

Sundag 3. september blir det utflukt til Klimapark 2469. Det går buss frå parkeringa ved Lom stavkyrkje opp til Juvasshytta nedanfor Galdhøpiggen. Frå parkeringa ved Juvasshytta er det ein kilometerlang gåtur langs gangbana over permafrosten på Juvflye. Her har vi med oss ein naturrettleiar som fortel om klima, historie, biologi og geologi i høgfjellet.

Istunnelen fører oss 7600 år attende i tid

Foto frå Klimapark 2469 av Cathrine Dokken
Begge foto: Cathrine Dokken

Høgdepunktet på turen er den vakre istunnelen i Juvfonne. Istunnelen er handhogd og utforma av iskunstnar Peder Istad med inspirasjon frå norrøn mytologi. Tunnelen har fleire gangar og rom, til og med ein liten kinosal finn ein inne i isen. Replika av brearkeologiske funn er frose inn i ismontre i veggane. Dateringar viser at isen er heile 7600 år gammal, den eldste isen som er registrert på fastlandet i Noreg.

Dugurd og konsert på Juvasshytta

Etter besøket i istunnelen blir det dugurd på Juvasshytta. Der kan du også få med deg konserten Tonar frå fjell, med Vemund Olav Aukrust på trøorgel og Ingrid Lingaas Fossum på langleik, song og lyre. Bli med på ei minnerik og spektakulær oppleving i høgfjellet.

Foto Ingrid: Siri Raitto. Foto Vemund: Håvard Lie

Påmelding: Kjøp billett til Klimapark 2469 innan 25. august. Du kan også delta berre på konserten Tonar frå fjell. Det må vera minimum 20 påmelde for at utflukta skal gjennomførast.