Til ungdommen
Seminar med Åsne Seierstad og Anders Totland
Seminar for ungdom har blitt ein tradisjon under Diktardagar. I år er vi så heldige å ha med oss journalist og sakprosaforfattar Åsne Seierstad og forfattar Anders Totland. Seminaret som består av føredrag og bokbad, er for elevar på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i regionen.
Ungdomsbokbad
Dei to siste åra har elevar frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule i Lom leia bokbadet. Dette har vore svært vellykka. Elevane har vore godt førebudde, og det har blitt gode samtaler med forfattarane om bøkene deira. Ei fin erfaring for ungdommane, og forfattarane har også vore godt tilfredse. Helga Flatland uttalte at det var eit av dei beste bokbada ho hadde vore med på.
Åsne Seierstad om 22. juli
I år er det Åsne Seierstad som skal delta på ungdomsbokbadet. Boka En av oss. En fortelling om Norge er utgangspunkt for samtalen. Tema i boka er 22. juli og Anders Behring Breivik.
Humring og piano
Anders Totland skriv skjønnlitteratur og sakprosa for vaksne og for barn og ungdom. På seminaret skal han ta for seg den bestseljande romanen Til jord skal du bli. Anders er ein dyktig formidlar, og det blir litteraturformidling tilpassa eit ungt publikum med innslag av humor og pianospel.
Seminaret går føre seg i Utgard fleirbrukshus i Lom fredag 1. september 10.00-12.00.
Foto Anders Totland: Marius Knutsen
Foto Åsne Seierstad: Julie Pike