Bilete av Lars Bakke. Foto: privat

Lars Bakke

Lars Bakke er fødd i Vågå og bur Lom. Han har vore tilsett i leiinga på Nordal Turistsenter sidan 1985. Mange kjennar han frå gruppa LoMsk. Her var han både komponist, tekstforfattar og vokalist. Gruppa har gjeve ut seks album. Albumet Bukkerittet frå 2004 fekk terningkast 6 i Dagbladet og Østlendingen. I 2005 fekk dei Austmannaprisen for god Nynorsk målbruk og i 2007 var dei nominert til Spellemannprisen for det kritikarroste albumet Amerikabrevet.

Lars har også laga musikk og tekst til teater som har vore framført i Gudbrandsdalen. Fleire av desse prosjekta er gjeve ut på cd, som t.d.: Evig er ordet, På gjengrodde stier, Nordalsnissane og Snigla som sykla.

I år deltek Lars med ei framsyning om Ragnvald Skrede på opninga av Diktardagar saman med Endre Skjåk, Ole Foss, Reidar Svare og Rune Kjørren.

Foto: privat