Ingrid Lingaas Fossum
Ingrid Lingaas Fossum er ein av dei fremste langeleikutøvarane i Noreg, med sterke røter i den levande langeleiktradisjonen i Valdres. For tida er ho bachelorstudent i tradisjonsmusikk på Ole Bull-Akademiet.
Ingrid har samarbeidd med ei rekkje musikarar i ulike sjangrar. Ho er oppteken av å lyfte fram det tradisjonelle langeleikspelet, samstundes som ho utfordrar bruksmåten til instrumentet. Under fleire opphald i Tanzania har ho kombinert norsk og afrikansk folkemusikk. I 2022 vart ho valt som årets Hilmartalent, som ein av dei mest lovande enkeltutøvarane innanfor folkemusikken.
I 2023 deltek Lingaas Fossum på Diktardagar saman med Vemund Olav Aukrust på tur til Klimapark 2469.
Foto: Siri Raitto