Erling Pettersen

Erling J. Pettersen

Pettersen var biskop i Stavanger fram til 2017. Han har vore styrar ved IKO – Kirkelig pedagogisk senter og direktør i Kirkerådet, begge stader med trusopplæring som hovudsatsing. Pettersen har delteke i religionsdialog etter eit femårig opphald i Brasil, der han var prest i Den Lutherske Kirke i ein fattig bydel i Joinville, Santa Catarina.

Han har skrive og redigert ei rekkje bøker og artiklar om kyrkjeleg undervisning, religionsdialog, fredsarbeid, kultur og keltisk spiritualitet.

Under Diktardagar 2023 deltek Erling J. Pettersen med Tor Jonsson-foredraget «Fred – før livet har tapt».