Portrett av Vemund Olav Aukrust

Vemund Olav Aukrust

Vemund Olav Aukrust er utdanna kyrkjemusikar frå Norges musikkhøgskole og HMDK Suttgart. No er han i ferd med å fullføre master i utøvande orgel hjå Karin Nelson og Kåre Nordstoga på Norges musikkhøgskole. Aukrust har hatt solo- og ensemblekonsertar både i Noreg, Tyskland, Sveits og Sverige.

Vemund Olav har allsidig erfaring i samspel med kor og orkester. For tida jobbar han mykje saman med folkemusikarar og barokkmusikarar. Med desse som inspirasjon, freistar han å dra parallellar mellom dei ulike sjangrane med inn i orgelspelet.

På Diktardagar 2023 deltek Aukrust på tur til Klimapark 2469 saman med Ingrid Lingaas Fossum.

Foto: Håvard Lie