Åsne Seierstad
Forfattar og journalist Åsne Seierstad frå Lillehammer er cand.mag. frå Universitetet i Oslo i faga russisk, spansk og idéhistorie, og har studert statsvitskap ved Universitetet i Moskva.
Seierstad har vore tilsett både i Dagsavisen, NRK Dagsrevyen og NRK Dagsnytt, og har i seinare år jobba som frilansjournalist. Under krigane i Afghanistan og Irak vart Seierstad den mest kjende krigskorrespondenten i Norden. Ho vart tildelt Fritt Ords Honnørpris for sin uredde innsats under krigen i Afghanistan i 2001.
Den politisk engasjerte forfattaren har vore tildelt fleire litterære prisar, og seinast i 2022 vart ho nominert til Brageprisen for beste sakprosabok for boka Afghanerne.
På Diktardagar deltek Seierstad på seminar for ungdom, litteraturseminar og bokbad.
Foto: Kagge forlag