Jan Inge Sørbø
Jan Inge Sørbø er professor i litteraturvitskap ved Høgskulen i Volda. Sørbø har skrive fleire monografiar og biografiar om m.a. Arnold Eidslott, Alfred Hauge, Olav Aukrust og Arne Garborg. I høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget i 2018 skreiv han storverket Nynorsk litteraturhistorie, om nynorsk skjønnlitteratur frå Ivar Aasens tid til i dag. Den førebels siste boka hans kom i fjor: Fire store: Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa, Marie Takvam.
På Diktardagar 2023 deltek Sørbø på litteraturseminaret.