Endre Skjåk
Endre Skjåk har ein bachelorgrad i drama/teater frå NTNU i Trondheim. Han står bak Jotunheimen underholdning, som har vore involverte i ei rekke ulike framsyningar gjennom fleire år. Endre har erfaring frå Kristinspelet på Sel og Teater Innlandet. Han har vore kulturskulerektor i Sel, dramalærar ved fleire av kulturskulane i regionen, og prosjektleiar for ungdomsmusikalen «Hair» på Otta.
Skjåk har vore med på fire cd-produksjonar knytt til diktarar i Ottadalen: Diktarplager, Hamsunplager, Nordalsnissane rører jula inn, samt «Snigla som sykla», basert på barnedikt av Jan-Magnus Bruheim. For tida les han inn lydbøker for Cappelen Damm.
Endre vart tildelt Diktardagarprisen for 2018, og i år deltek han med eit program om Ragnvald Skrede under opninga av Diktardagar. Med seg på scena har han Reidar Svare, Lars Bakke, Ole Foss og Rune Kjørren.