Utstilling av kokebøker og oppskriftshefte

Bygdekvinnelaga i Skjåk, Lom og Vågå lagar ustillingar av gamle kokebøker og oppskriftshefte på biblioteka i dei tre bygdene. Kvinnene har samla alt frå handskrivne gamle hefte til kjende og mindre kjende kokebøker, og materialet vil såleis gje eit allsidig historisk innsyn i kokekunst frå hus og heim. Utstillingane blir på denne måten også ulike og unike.
Alle utstillingane opnar torsdag 1. september kl 13 og vil stå heile helga.
Gratis inngang.