Ringar i vatn er ei utstilling med verk av lyrikar Lisbet Lid Venås, biletkunstnar Runaug Venås og komponist Una Aurora Sand Venås.
Utstillinga er eit samspel mellom poesi, biletkunst og musikk der tre kvinner i tre generasjonar møtest. Tekst, bilete og lyd er sett saman til ein heilskap der temaet er ljos og mørkre og alt som svevar imellom.
Lisbet Lid Venås (1937–2018) kom frå Vaksdal i Hordaland og var lærar og lyrikar. Ho debuterte i 1959 med diktsamlinga Villgras som fekk svært god mottaking. I 1976 kom diktsamlinga Bålet. Saman med mannen Kristian Venås slo ho seg ned i Garmo i Lom der ho jobba som lærar ved Garmo skule i ei årrekke.
Runaug Venås (1968–), dotter til Lisbet, er biletkunstnar. Ho arbeider i ein eigenutvikla teknikk der ho blandar måleri og teikning. Bileta hennar syner natur i endring, og motiva er abstraherte landskap. Bileta er laga på preparerte plater i ulike format med papir, primer, akryl, pastell og kol.
Una Aurora Sand Venås (1999–), dotter til Runaug, studerer musikk ved Norges musikkhøgskole. Ho både utøver og skapar musikk. I kunstuttrykket sitt eksperimenterer ho med ulike musikkstilar som støykunst, elektronisk, avant-pop, industriell og jazz/improvisert, for så å kombinere musikken med scenografi og videokunst.
Utstillinga opnar torsdag 1. september kl. 17.00 i Steinfjoset i Lom. Ope 12.00–18.00 kvar dag fram til 18.09. Gratis inngang.