Vi ynskjer deg velkomen til opninga av Diktardagar 2022 med ein fin kulturkveld. Her skal du få vakker og variert musikk ved Aslak Brimi m/band, Mari Eide Lindsheim, Lom og Skjåk kulturskule og «Nordvesten spælle blues». Vidare skal du få eit innblikk i ei sterk historie frå forfattaren Hilde Kvalvaag. Årets festtalar er forfattar og sosiolog Sanna Sarromaa, ei dame som har sterke meiningar om mangt og som har gjort seg bemerka for kronikkar i GD og VG. Eit av høgdepunkta denne kvelden er utdeling av Diktardagarprisen.
Det heile blir staseleg opna av ordføraren i Skjåk, Edel Kveen. Velkomne til ein triveleg kveld!
Program
- Opning ved ordførar i Skjåk, Edel Kveen
- Song og musikk ved Mari Eide Lindsheim
- Festtale ved sosiolog og forfattar Sanna Sarromaa
- Opplesing ved forfattar Hilde Kvalvaag
- Utdeling av Diktardagarprisen 2022
- Musikk v/Lom og Skjåk kulturskule
Gruppa «Mooses in the new» består av Bendik Bjotveit-Holen, Vetle Gartland og Sigurd Mathias Sygard - Song og musikk ved Aslak Brimi m/band
- Song og musikk ved «Norvesten spælle blues – og så vi da».
Gruppa består av: Syver Olstad, Stein Elvestad og Malin Zetterberg
Opninga skal gå føre seg fredag 2. september kl 18.00 i Marlo Grendehus i Skjåk.