Dialektdebatt

I fjor erta Sanna Sarromaa på seg dialektforkjemparar med kronikken Dialekter er djevelens verk. På litteraturseminaret barkar ho i hop med NRK-journalist Hans Andreas Solbakken og stipendiat Kirsti Lunde. Dei skal blant anna diskutere bruk av dialekt i NRK.

«Mange nordmenn synes dialekter er noe å være stolt av. Mange, spesielt vi innvandrere, synes at dialekter er Satans verk. Det er mange programmer på radio og TV som ikke er tilgjengelige for oss utlendinger». Sanna Sarromaa er ein meister i å bore der det gjer mest vondt i norsk stoltheit og nasjonalkjensle, og utsegn som dette var noko av det som sette sinna i kok.

Hans Andreas Solbakken frå Lom er stolt dialektbrukar. Han talar lomver så mykje som det let seg gjera, om det er på skøyteisen, i Norge Rundt eller i VM i sjakk. Kirsti Lunde er også opphavleg frå Lom. Ho er nå stipendiat på Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking på Høgskulen på Vestlandet og er leiar for Sogndal mållag. Vi ser fram til ein frisk debatt om dialekt, normalisert nynorsk og bokmål. Journalist i NRK, Even Lusæter, leier debatten. Det kan bli jælma kvækt!

På grunn av stor interesse for debatten, går det an å kjøpe billettar til denne ved inngangen til 200 kr. Betaling med vipps.