Reidar Svare er opprinneleg frå Vågå, men har budd i Lom ei årrekkje, der er han for tida er tilsett som organist. Svare er utdanna ved NTNU med sang som hovudinstrument, og har i fleire tiår vore innleigd som solist ved ymse høve i fleire av norddalsbygdene. Han har òg vore medlem i fleire musikkgrupper innanfor ulike sjangrar, fleire av dei tilknytte folkemusikken i Ottadalen. På Diktardagar deltek han saman med Endre Skjåk som oppvarming til Konsert med Synne Vo.
Foto: Arve Danielsen, Fjuken