Trioen Syver Olstad, Malin Anna Zetterberg og Stein Elvestad har laga ei musikalsk hylling til den nordnorske naturen gjennom formidling av tekster av Arvid Hanssen, tonesett av Tove Karoline Knutsen. På Diktardagar 2022 deltek gruppa på Opninga i Marlo Grendahus.
Syver Olstad er opprinneleg tradisjonsmusikar frå Lom, men har i fleire år jobba med ulike musikkstilar som freelancemusikar ved Nordland teater og i fleire andre prosjekt. I tillegg har han spelt saman med Zetterberg i gruppa Duo i 10 år, og i gammaldansorkesteret Syvers orkester sidan 2009. I denne forestillinga spelar han både trekkspel og kontrabass.
Malin Anna Zetterberg er songar og dansar frå Mo i Rana, og har også vore innleigd i fleire prosjekt ved Nordland teater. Ho er songar og korist i Marstokks Mafia, og spelar også rytmeinstrument i Duo.
Stein Elvestad er skodespelar frå Tromsø, og har allsidig solid bakgrunn både frå NRK og Nordland teater. Han har gjort eit breitt utval av roller, og har jamvel skrive eigne teaterstykke, Tv- og filmmanus, samt hatt scenografi på teaterscener og spelefilm.