Arne Brimi (fødd 1957) er kokk, kokebokforfattar og gründer frå Vågå. Han var kjøkensjef på Fossheim Hotell i Lom 1978–2002, og gjorde hotellet landskjend for sitt «Naturens kjøken». Han har også delteke i fjernsynsserien Gutta på tur i TV2. I 1985 vart han årets kjøkensjef, og i 1987 deltok han i det første Bocuse d’Or i Lyon. Arne dreiv i mange år butikken Brimibue i Lom, og sist på 90-talet tok utviklinga av Vianvang til. Dette er Senter for Matkultur i Vågå, der han arrangerer matkurs og tilbyr skreddarsydde opplevingar. I 2005 vart han slått til riddar av St. Olavs orden. Arne har fått fleire prisar for innsatsen sin for norsk matkultur, men også vorte heidra for språkbruken sin. I 2001 fekk han Landssamanslutninga av nynorskkommunar sin heiderspris. På Diktardagar 2022 skal Arne ha føredrag på Litteraturseminaret, og han står også for dugurden i Presthaugen.