Henry Notaker

Henry Notaker er cand.philol. med hovudfag i nordisk. Han har jobba mesteparten av yrkeslivet i NRK, først som utanriksreporter og Paris-korrespondent, seinare som kulturmedarbeidar med program om litteratur og om matkultur. Notaker har skrive fleire bøker om samtidshistorie og mathistorie, og har i seinare år studert kokebøkene frå eit bokhistorisk synspunkt og sett på språket i oppskriftene. I 1997 vart han tildelt Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris.  Han arbeider for tida med utviklinga av kulinarisk terminologi i norske kokebøker. Notaker deltek på Litteraturseminaret på Diktardagar 2022.

Foto: Aschehoug